Emosjonell tentamen

Då var eg endeleg ferdig med norsktentamen, ein og ein halv time før eg får lov til å gå. Oppgåva eg valde gikk ut på å skrive eit kåseri om kva det vil seie å vere norsk. Det gikk ikkje heilt etter planen. For det første har eg aldri skreve eit kåseri i heile mitt liv, for det andre kjennast det ut som eg har stått med hovudet i en mikrobølgjeomn litt for lenge. For å toppe det heile dreit eg meg ut når eg skulle skrelle ein mandarin, så eg spruta mandarinsaft i auget. Det svir. Eg prøvde å gni meg i auget med nevane, men ettersom eg hadde masse mandarin på fingrane og, gjorde eg berre saken verre. Også hadde eg på meg sminke. No ser eg nok ut som ein litt vel emosjonell slask med rade auge og svart sminke smurt utover heile ansiktet. Eg kjem nok til å sjarmere folk i senk med den nye looken min.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits